torsdag 22. august 2019

Sett i dalen

Sett i dalen - gensar til meg sjølv, strikka i Sterk med kontrastfarge strikka med Viking Sportsragg. Oppskrift frå boka Wiolakofter.


Felleskjøpet-dress

Ei odelsejente har blitt født, og eg har strikka dress i Felleskjøpet-fargar slik at ho og pappaen kan matche når dei skal ta fjøsstellet :)


Til tantegullet

Eg vart tante igjen i august, og vesle Emmet har fått seg kosepose med fletter strikka i Pure Eco babywool (oppskrift frå Bluum) og Go'klompen lue, bukse og jakke strikka i Drops Baby Merino (oppskrift frå Klompelompe).




Kristianes fingenser

Kristianes fingenser til meg sjølv, strikka i Drops Air (06 svart) og Drops Brushed Silk (16 svart). Endra litt på oppskrifta, denne er strikka med smalare ermar og enkel halskant.


Lille sukkerspinn

Søt liten kjolebody til ei lita prinsesse. Strikka i Drops Baby merino og Drops Kid Silk.