mandag 10. desember 2018

Babystrikk

2 par små sokkar og 1 vottepar skal halde 2 prinsesser varme i vinter. Kvite sokkar frå boka #endamerbystrikk, stripete sokkar etter Nøstebarn si oppskrift og vottar frå boka Myk start.


Adventskalender

Eg og eine systra mi lagar adventskalender til kvarandre kvart år og i år får ho mellom anna Løvspretthals strikka i Drops Air.


Barnehagebukser

Tvillinggutane eg er tante til ville også ha bukser med namn på, slik som søskenbarnet fekk tidlegare i haust. Greitt å få tømme litt av restegarnslageret. 


Lillebrors romper

Lillebrors romper etter oppskrift av Petiteknit, strikka i Drops Nepal. 


fredag 2. november 2018

Jentebursdag

2 Tora-panneband frå Klompelompe vart bursdagsgåver i jentebursdag. Strikka i Smart.


Jubelgenser

Fekk bestilling på Jubelgenser (oppskrift frå HipKnitShop) i haustfargar. Strikka i str. 3-4 år i Drops Nepal.


fredag 21. september 2018

Barnehagestrikk

Når tantejenta vil ha bukse til barnehagebruk, er det greit med tydelig merking, sjølv om eg tvilar på at det fins maken til denne. Gratis oppskrift frå Sandnes Garn, strikka i restar av Silja strømpegarn og Sisu.


onsdag 12. september 2018

Latvisk lidenskap

Sokkar strikka til veslesyster som er i Spania eit semester. På kalde flisgolv er det kjekt å ha strikka sokkar. Mønsteret heiter Latvisk lidenskap og står i boka Sokker strikking hele året av Bitta Mikkelborg. Min variant er strikka i Fabel og Sisu.


mandag 10. september 2018

Marygenser

Perfekt haustgensar ferdig, Marygenser strikka i Drops Air (fargekode 04 melert grå og 01 natur), trur eg flyttar inn i denne i løpet av hausten! 


lørdag 18. august 2018

Mariusgensar

Ein liten gut i Sverige skal døypast, og får mariusgensar i dåpsgåve. Strikka i Sisu.


onsdag 25. juli 2018

Mariussokkar

Mariussokkar i gåve til ekteparet vi skal låne leiligheit med i Italia i ferien. Dei bur i Nord-Italia og der er det godt med ullestar til vinteren.


Setesdalgenser

Setesdalsgenser med rundfelling til meg sjølv har stått på strikkelista mi lenge, og no er den endeleg ferdig! Strikka med kvit og marineblå Rubin-tråd frå lageret.


fredag 20. juli 2018

Velkomen til verda-gåve

Naboane våre fekk ei lita jente og eg strikka jakke og lestar til prinsessa. Jakka er Rilletrøye frå Lene Holme Samsøe sitt hefte Babystrik på pinde 3, her strikka i offwhite babyull. Sokkane er frå Nøstebarn si oppskrift Mosters babystrømper, strikka i melert babyull.


søndag 1. juli 2018

Lille Sukkerspinn

Fekk bestilling på denne skjønne bodyen med kapper på. Strikka i str. 9 mnd. i Drops Baby Merino og Drops Kid-Silk. Bodyen heiter Lille Sukkerspinn, kjekt lite plagg å strikke. 


fredag 8. juni 2018

Velkomen til verda-gåve

Strikkelysta har ikkje vore heilt på plass i sommarvarmen, men ein ny liten jentebaby er komen til verda og også sommarbabyar treng ull. Oldemors babyjakke og babysokkar frå #endamerbystrikk strikka i Sandnes mini alpakka.


torsdag 3. mai 2018

Osloanorakk - til salgs

2 nystrikka Osloanorakkar selgast, den med hette i str. 6-12 mnd., den uten hette i str. 1-2 år. 350 kr pr. stk. Strikka i Pickles Abueltia tjukk merino, flott mjukt garn som ikkje klør.


lørdag 28. april 2018

17-mai antrekk - til salgs

Nystrikka romper/seleshorts og tøfler selgast, søtt antrekk til 17. mai. Størrelse 6 mnd, strikka i marineblå babyull.


Islender

Mannen i huset har fått seg ny genser, islender med raglanfelling, strikka av garn frå lageret, marineblå og kvit Rubin.


tirsdag 17. april 2018

Lettvintbukse

Lettvintbukse strikka i Jarbo Elise til ein nyfødd liten prins.


søndag 25. mars 2018

Hentesett - til salgs

Nystrikka hentesett med selebukse, jakke, lue, sokkar og teppe til salgs. Settet er strikka for salg, og er strikka i brun og kvit babyull. På teppet er det hjertemønster. Alle plagg i str. 0-3 mnd., og passar fint til både jente og gutt. 


mandag 12. mars 2018

Ankersgenser my size

Fornøgd med min nye gensar, Ankerstrøye my size. Oppskrift frå PetiteKnit, strikka i grå (04) Drops Merino Extra Fine.


mandag 5. mars 2018

Løvspretthals

Løvspretthals til meg sjølv, strikka i Drops Air, oppskrift frå Strikkelisa.


Velkomen til verda - gåver

2 prinsesser har blitt født, og eg har strikka velkomen til verda - gåver. 


Oldemors babyjakke frå Enda mer bystrikk, strikka i Sisu, sokker frå same bok strikka i babyull og lue frå boka Myk start, strikka av restane etter jakke og lue.


Same sokker og lue, i tillegg vottar frå Myk start, alt i babyull.

Håpar det vil halde dei søte små varme :)

lørdag 17. februar 2018

Mariusknestrømper

2 par knestrømper med Mariusmønster til 2 jenter som ønskte seg akkurat det til bursdag. Strikka i Sterk.


onsdag 14. februar 2018

Ingendikkedarergenser

Ei av systrene mine ønskte seg Ingendikkedarergenser til bursdag, i same farge som eg har strikka til meg sjølv. Dermed vart det nok ein rooosa genser, oppskrift frå petiteknit, strikka i 1 tråd Drops Alpaca og 1 tråd Kid Silk.


søndag 21. januar 2018

Lille My - vottar (igjen)

Tenkte eg skulle ta ei pause frå Lille My etter å ha strikka to vottepar, men ei som såg vottane ynskte seg eit par i svart og kvitt. Så dermed vart votterpar nr. 3 strikka, også denne gang i Sterk, nytt favorittgarn til vottar. 


lørdag 13. januar 2018

Lille My-vottar

To par Lille My-vottar til to kjekke jenter som likar Mummi 😀 Strikka i Sterk, mønsterdiagram fann eg på Pinterest, endra litt på starten av mønsteret då eg syns det er best med vrangbord på vottar. 



tirsdag 9. januar 2018

Ingendikkedarergenser

2018s første ferdige prosjekt vart Ingendikkedarergenser til meg sjøl. Veldig fornøgd med garn- og fargeval, gensaren er strikka med 1 tråd Drops Alpaca (3720 mellomrosa) og 1 tråd Kid Silk (03 Rosa). Fasongen likte eg veldig godt, trur nesten eg må ha meg ein til i ein anna farge.