søndag 21. januar 2018

Lille My - vottar (igjen)

Tenkte eg skulle ta ei pause frå Lille My etter å ha strikka to vottepar, men ei som såg vottane ynskte seg eit par i svart og kvitt. Så dermed vart votterpar nr. 3 strikka, også denne gang i Sterk, nytt favorittgarn til vottar. 


lørdag 13. januar 2018

Lille My-vottar

To par Lille My-vottar til to kjekke jenter som likar Mummi 😀 Strikka i Sterk, mønsterdiagram fann eg på Pinterest, endra litt på starten av mønsteret då eg syns det er best med vrangbord på vottar. 



tirsdag 9. januar 2018

Ingendikkedarergenser

2018s første ferdige prosjekt vart Ingendikkedarergenser til meg sjøl. Veldig fornøgd med garn- og fargeval, gensaren er strikka med 1 tråd Drops Alpaca (3720 mellomrosa) og 1 tråd Kid Silk (03 Rosa). Fasongen likte eg veldig godt, trur nesten eg må ha meg ein til i ein anna farge.