lørdag 27. februar 2021

Gåve til tantebarn nr. 10

Tantebarn nr. 10 kom til verda i starten av februar, og små kroppar treng ull for å halde varmen. Velkomen-til-verda-gåve til lille Vilde vart Reven Runa (oppskrift frå Klompelompe), Knapper-bak-genser (oppskrift frå Ministrikk), Elinors Bleiebukse (oppskrift frå Petiteknit), Lille sukkerspinn (oppskrift frå Mari Johansen) og Mosters babystrømper (oppkrift frå Nøstebarn).



søndag 21. februar 2021

Stockholm slipover v-neck

Strikka meg ein ny Stockholm slipover v-neck då den forrige eg strikka vart for stor og er solgt. Likte godt garn og farge på den forrige, så dette vart ein rein kopi, berre ein størrelse mindre. Garnet er Drops Flora farge 03 lys grå og Sandnes tynn silk mohair farge 1022 lys grå melert.



torsdag 18. februar 2021

Enkel v-vest

Brun Enkel v-vest strikka i Drops Flora (farge 08) og Drops Kid Silk (farge 12). Oppskrift av Marte Helgetun.




søndag 14. februar 2021

40-årsgåve

Sunday cardigan mohair edition i 40-årsgåve til mi kjekke syster. Strikka i Sandnes tynn silk mohair, farge 1022 lys grå melert.