Siste strikk ut i januar var Sweater no 18 etter oppskrift frå My favourite things knitwear. Genseren til strikka i Drops Lima og Drops kid silk i fargen kritt.
Velkommen til Ann Helen sin blogg! Her vil eg legge ut bilder av produkt eg har strikka. Kan av og til ta på meg bestillingsoppdrag, legg igjen ein kommentar her eller kontakt meg på Instagram om du har spørsmål. Følg meg gjerne på Instagram: strikkelen
tirsdag 1. februar 2022
Småstrikk
Etter å ha strikka ein stor herregensar, måtte eg koble av med litt småstrikk. Det vart Chunky Twistpanneband til søstra mi, MFK-sokkar og panneband til ei venninne og Stockholmlue til meg. Pannebandet er strikka i Drops Air, MFK-settet i Smart og lua i Filcolana og Tilia.
Bestillingsstrikk
Av og til tek eg på meg å strikke på bestilling, og i det siste har eg strikka ein vest og ei genser. Vesten er Holiday slipover frå Petiteknit, strikka i Drops Air og Drops Kid silk. Genseren er etter ei oppskrift på VM-genser frå 1978 og er strikka i Smart.