Kjekt med lokale initiativ! Hjørundfjordgensaren har blitt designa og utvikla av 2 lokale damer, kjempeflott gensar som fins i 4 ulike fargekombinasjonar. Denne har eg kosa meg med å strikke gjennom hausten, spart litt på den for at den skulle vare lenge ❤️ No i romjula vart den ferdig og bilda er tatt på Sæbø med Hjørundfjorden i bakgrunnen. Flott natur, flott genser og fine jenta mi.
Velkommen til Ann Helen sin blogg! Her vil eg legge ut bilder av produkt eg har strikka. Kan av og til ta på meg bestillingsoppdrag, legg igjen ein kommentar her eller kontakt meg på Instagram om du har spørsmål. Følg meg gjerne på Instagram: strikkelen
mandag 28. desember 2020
søndag 27. desember 2020
Julegåver
Også i år vart det ein del strikka julegåver:
5 par Dailyvottar strikka i Drops Air, 1 par tjukkelestar strikka i dobbel Drops Fabel, 1 isskrapevott strikka i Artic og tova, 3 kjøkkenklutat strikka i bomull, 3 par Happy feet tøfler strikka i Drops Kid Silk/Drops Nord/Arwetta.
Holiday slipover og Frøkenpannebånd til tantejenta, strikka i Drops Air og Drops Kid Silk.
Millejakke til eine søstra mi, strikka i Påfulg Line Langmo.
Holiday slipover
Holiday slipover til meg og tenåringen min ❤️ Strikka i Drops Air og Drops Kid Silk, hvete/lys beige og bringebær.
Abonner på:
Innlegg (Atom)