onsdag 25. juli 2018

Mariussokkar

Mariussokkar i gåve til ekteparet vi skal låne leiligheit med i Italia i ferien. Dei bur i Nord-Italia og der er det godt med ullestar til vinteren.


Setesdalgenser

Setesdalsgenser med rundfelling til meg sjølv har stått på strikkelista mi lenge, og no er den endeleg ferdig! Strikka med kvit og marineblå Rubin-tråd frå lageret.


fredag 20. juli 2018

Velkomen til verda-gåve

Naboane våre fekk ei lita jente og eg strikka jakke og lestar til prinsessa. Jakka er Rilletrøye frå Lene Holme Samsøe sitt hefte Babystrik på pinde 3, her strikka i offwhite babyull. Sokkane er frå Nøstebarn si oppskrift Mosters babystrømper, strikka i melert babyull.


søndag 1. juli 2018

Lille Sukkerspinn

Fekk bestilling på denne skjønne bodyen med kapper på. Strikka i str. 9 mnd. i Drops Baby Merino og Drops Kid-Silk. Bodyen heiter Lille Sukkerspinn, kjekt lite plagg å strikke.