Kjekt med lokale initiativ! Hjørundfjordgensaren har blitt designa og utvikla av 2 lokale damer, kjempeflott gensar som fins i 4 ulike fargekombinasjonar. Denne har eg kosa meg med å strikke gjennom hausten, spart litt på den for at den skulle vare lenge ❤️ No i romjula vart den ferdig og bilda er tatt på Sæbø med Hjørundfjorden i bakgrunnen. Flott natur, flott genser og fine jenta mi.
Velkommen til Ann Helen sin blogg! Her vil eg legge ut bilder av produkt eg har strikka. Kan av og til ta på meg bestillingsoppdrag, legg igjen ein kommentar her eller kontakt meg på Instagram om du har spørsmål. Følg meg gjerne på Instagram: strikkelen
mandag 28. desember 2020
søndag 27. desember 2020
Julegåver
Også i år vart det ein del strikka julegåver:
Holiday slipover
Holiday slipover til meg og tenåringen min ❤️ Strikka i Drops Air og Drops Kid Silk, hvete/lys beige og bringebær.
søndag 6. september 2020
Rainbow
Rainbow-genser til meg sjølv, strikka i diverse restar Drops Kid Silk. Oppskrifta av Lene Holme Samsøe.
lørdag 29. august 2020
Velkommen til verda - gåve
Ein liten prins er komen til verda, og eg har strikka Willums selebukse og små sokkar. Willums er strikka i Drops Merino Extra Fine etter mønster frå Petiteknit. Sokkane er gratisoppskrift frå bloggen Strikk og tøys og er strikka i babyull.
søndag 16. august 2020
Willums selebukse
Av og til er det kjekt å sei ja til bestillingsstrikk. Willums Selebukser tilpassa str. 4 år, strikka i Drops Merino Extra Fine farge 36 Ametyst.
torsdag 6. august 2020
Tradisjonsstrikk
Genser etter gammalt mønster frå Rauma. Gensaren heiter genser med norske border og er strikka i Finull/Pt2.