fredag 21. september 2018

Barnehagestrikk

Når tantejenta vil ha bukse til barnehagebruk, er det greit med tydelig merking, sjølv om eg tvilar på at det fins maken til denne. Gratis oppskrift frå Sandnes Garn, strikka i restar av Silja strømpegarn og Sisu.


onsdag 12. september 2018

Latvisk lidenskap

Sokkar strikka til veslesyster som er i Spania eit semester. På kalde flisgolv er det kjekt å ha strikka sokkar. Mønsteret heiter Latvisk lidenskap og står i boka Sokker strikking hele året av Bitta Mikkelborg. Min variant er strikka i Fabel og Sisu.


mandag 10. september 2018

Marygenser

Perfekt haustgensar ferdig, Marygenser strikka i Drops Air (fargekode 04 melert grå og 01 natur), trur eg flyttar inn i denne i løpet av hausten!