På ein tur til Færøyane tidlegare i år, kjøpte eg 400 g Snældan-garn i ein utruleg fin grønfarge. Dette garnet har eg strikk jakke til meg sjølv av, godt fornøgd!
Ann Helens strikkeblogg
Velkommen til Ann Helen sin blogg! Her vil eg legge ut bilder av produkt eg har strikka. Kan av og til ta på meg bestillingsoppdrag, legg igjen ein kommentar her eller kontakt meg på Instagram om du har spørsmål. Følg meg gjerne på Instagram: strikkelen
torsdag 28. juli 2022
Panneband til vesle tantegutt
Emmet (2,5 år) elskar store maskiner, så panneband med gravemaskin, bulldosar og veghøvel vart strikka i Drops Merino Extra Fine, egen oppskrift.
Strikka teppe
Årets kjempeprosjekt har vore teppe etter oppskrift frå Aftenstrikk x Raumagarn. Nydelege fargar, strikka i Rauma Finull.
søndag 29. mai 2022
Gåve til ein hjortejeger
Pute med hjortemotiv og tova jaktvottar vart ein del av gåva til ein hjortejeger som fyller 50 år.
Puta er etter mønster frå Jorid Lindvik og er strikka i Sisu. Vottane er eit gratismønster frå Rauma Garn og er strikka i Artic og tova.
torsdag 26. mai 2022
Indiefjordjakke
Indiefjordjakke strikka til Hjørundfjordstrikk. Jakka er strikka i lysgul Rauma Finull og unicornfarga Rauma Finull, siste farga av Kvitlammet. Garnpakke vil bli tilgjengelig via Hjørundfjordstrikk.
Dåpsgåve
Minste tantejenta hadde dåpsdag og ein del av dåpsgåva var Hjørundfjordgenser. Av restane etter genseren vart det hue, sokkar og vottar, kjekt å få brukt opp alt restegarn.
Oppskrift på genser finn du på hjorundfjordstrikk.no. Oppskrift på hue vart laga av meg, og ligg no publisert på Hjørundfjordstrikk. Fargane på settet vart tatt ut av meg, og gründeren bak Hjørundfjordstrikk likte kombinasjonen så godt at du no kan kjøpe garnpakke med desse fargane. Det var litt stas :) Settet er strikka i Rauma Tumi.