Her har det skjedd lite siste 1,5 året! Men nytt år og litt refresh på bloggen.
Første ferdigstilte prosjekt i 2024 vart Erdalgenseren designa av Omfar, ei lokal bedrift. Kjekt og litt utfordrande mønster, strikka i Vams og dobbel finull, enkel finull på vrangbord. Garnpakke kjøpast hos omfar.no
Som vanleg vart det strikka en del julegåver som låg under juletrea jula 2023:
Loppisgenser: mønster frå pickles.no, strikka i finull
Spot neck warmer: mønster frå Anne Wenzel, strikka i Drops Lima og Drops Kid Silk
December bow: mønster frå Petiteknit, strikka i Drops alpaca og Drops Kid Silk
Isskrapevott: strikka i diverse tovbar ull
Pilkefingervantar: strikka i Lettlopi
Imotovott strikka i Sandnes Smart.
Ein bunke dokkekle strikka i diversebabyull
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar