lørdag 25. desember 2021

Julegåvestrikk



 I tillegg til Mariusvottane i forrige innlegg, vart det strikka litt fleire julegåver: 


Dansekjolen, oppskrift frå Ministrikk, strikka i Sandnes mini alpakka.

Vinhøne og rødvin til ei nabojente med egen hønsegård.

Chunky twistpanneband strikka i Drops Air, oppskrift frå Rilleruth.


Krølleclutch strikka i Drops Boucle, oppskrift frå Rilleruth.


Dokkekle strikka i diverse restegarn.





lørdag 4. desember 2021

Mariusvottar

 Perfekt restegarnstrikk og gåvestrikk! 2 par mariusvottar blir julegåve til 2 kjekke jenter. Strikka i Smart, modifisert versjon av denne oppskrifta:

http://charlottetoft.blogspot.com/2012/03/oppskrift-mariusvotter.html?m=1



søndag 14. november 2021

Zipper Slipover

 

Zipper Slipover i herlig grønnfarge. Oppskrift frå Petiteknit, strikka i Sandnes Smart og Drops Kid Silk.



Løvetannmamma

Kort Løvetannmamma frå Strikkezilla, strikka i Rauma finull. Denne modellen er strikka til meg, laga også ein til tenåringsjenta, men den vart tatt i bruk før eg rakk å ta bilde.



Nyfødtgåve

 

Stadig nye verdensborgarar som treng heimestrikk. Kjekt å gi vekk! Her eit sett med Lillebrors romper (Petiteknit) strikka i Drops Nepal, sokkar frå bloggen Strikk og tøys, strikka i babyull og Lillebjørnlue (Knitting for Olive) strikka i Drops Alpaca og Drops kid silk.



Birgit-topp

Birgit-topp frå Garnius med litt alternative fargar og omgjort frå ermetopp til rundfelling. Ei kjekk utfordring med eit fint resultat. Strikka i babymerino frå By Merinor.



Farge- og restefest

Sjølvkomponert restegensar strikka i fargerike Påfuglrestar.



søndag 15. august 2021

Hjørundfjordgenser

 Tidlegare har eg vist bilder av Hjørundfjordgenser i sommarfargar, no har eg strikka ein til meg sjølv, i vinterfargar. Likar oppskrifta veldig godt, kjekt mønster å strikke!



Kumulus tee

Petiteknits Kumulus Tee strikka i Drops Baby Alpaca Silk farge pistasj.



Stockholm sweater v-neck

Petiteknit sin Stockholm sweater v-neck, strikka i Drops Alpaca og Drops Kid Silk. 



Islender

Islender er på moten igjen og Aurora ville gjerne ha ein heimestrikka versjon. Gratismønster frå Garnstudio, strikka i Drops Nepal.



onsdag 23. juni 2021

Engankofte

Engankofte strikka i Rauma finull, denne er til eige bruk :) 



onsdag 19. mai 2021

Småstrikk

Twistpannebånd og Dailyvottar strikka i Drops Air, Oslolue strikka i dobbel Arwetta.



søndag 16. mai 2021

Felleskjøpet-romper



Ein liten gut er komen til verda, og som bondesønn må han kunne matche i fjøsen. Dermed vart det strikka Lillebrors romper med Felleskjøpetfargar. Mønster frå Petiteknit, strikka i Drops Big Merino.



Tuttifruttigenser x 2

Tuttifruttigenser til meg og søstra mi, strikka i Line Langmo Påfugl. Modifisert oppskrift frå Embraknit.




tirsdag 13. april 2021

Novice cardigan

Strikk blir ikkje alltid som ein tenker. Tidlegare i år strikka eg Novice Cardigan chunky edition og tenkte eg ville ha den oversized. Jakka vart fin, men alt for stor. Dermed strikka eg ei ny jakke i same garn, men i mindre størrelse, og den passa jammen perfekt. Den første jakka har fått nytt liv i ein annan heim.

Oppskrift er frå Petiteknit, garn er Drops Melody.

søndag 4. april 2021

Påskestrikk



Mariusgenser til tenåringen, strikka i Sisu:


Ho ville også ha sokkar i Felleskjøpet-fargar. Desse er strikka i Viking Sportsragg, stripene av babyullrestar (dobbel tråd).




Det var fleire som ville ha sokkar, så totalt vart det strikka 3 par denne påska.





torsdag 25. mars 2021

The Cardigan

The Cardigan etter oppskrift frå Lene Holme Samsøe. Strikka med 1 tråd Drops Flora og 2 tråder Drops Kid silk.



mandag 8. mars 2021

Stjernegenser

 Eg har lenge hatt Alpakka Tweed liggande, og endeleg har eg fått strikka Stjernegenser, Nissestrekvotter og Snurrehals til meg sjølv. Mønster frå gratisbladet Yarnmade utgitt av House of Yarn. 



lørdag 27. februar 2021

Gåve til tantebarn nr. 10

Tantebarn nr. 10 kom til verda i starten av februar, og små kroppar treng ull for å halde varmen. Velkomen-til-verda-gåve til lille Vilde vart Reven Runa (oppskrift frå Klompelompe), Knapper-bak-genser (oppskrift frå Ministrikk), Elinors Bleiebukse (oppskrift frå Petiteknit), Lille sukkerspinn (oppskrift frå Mari Johansen) og Mosters babystrømper (oppkrift frå Nøstebarn).



søndag 21. februar 2021

Stockholm slipover v-neck

Strikka meg ein ny Stockholm slipover v-neck då den forrige eg strikka vart for stor og er solgt. Likte godt garn og farge på den forrige, så dette vart ein rein kopi, berre ein størrelse mindre. Garnet er Drops Flora farge 03 lys grå og Sandnes tynn silk mohair farge 1022 lys grå melert.



torsdag 18. februar 2021

Enkel v-vest

Brun Enkel v-vest strikka i Drops Flora (farge 08) og Drops Kid Silk (farge 12). Oppskrift av Marte Helgetun.




søndag 14. februar 2021

40-årsgåve

Sunday cardigan mohair edition i 40-årsgåve til mi kjekke syster. Strikka i Sandnes tynn silk mohair, farge 1022 lys grå melert.



lørdag 30. januar 2021

Novicecardigan

Novicecardigan chunky edition strikka i Drops Melody. Oppskrift frå Petiteknit.



Olavahals

Nydelig hals med fletter, strikka i Drops Sky. Oppskrift frå Gro Halse.



tirsdag 12. januar 2021

Babygåve

Årets første prosjekt var gåve til ei prinsesse som kom til verda rett før nyttår. Knapperbakgenser frå Ministrikk i Drops Baby Merino, Ellinors bleiebukse frå Petiteknit i dobbel babyull og favorittsokkane Mosters babystrømper frå Nøstebarn strikka i babyull.