søndag 29. mai 2022

Gåve til ein hjortejeger

Pute med hjortemotiv og tova jaktvottar vart ein del av gåva til ein hjortejeger som fyller 50 år. 

Puta er etter mønster frå Jorid Lindvik og er strikka i Sisu. Vottane er eit gratismønster frå Rauma Garn og er strikka i Artic og tova. 



torsdag 26. mai 2022

Vaffelgenser

 Søt Vaffelgenser strikka i Drops Air, oppskrift frå Knitting for Olive. 



Indiefjordjakke

 Indiefjordjakke strikka til Hjørundfjordstrikk. Jakka er strikka i lysgul Rauma Finull og unicornfarga Rauma Finull, siste farga av Kvitlammet. Garnpakke vil bli tilgjengelig via Hjørundfjordstrikk.



Dåpsgåve

 Minste tantejenta hadde dåpsdag og ein del av dåpsgåva var Hjørundfjordgenser. Av restane etter genseren vart det hue, sokkar og vottar, kjekt å få brukt opp alt restegarn. 

Oppskrift på genser finn du på hjorundfjordstrikk.no. Oppskrift på hue vart laga av meg, og ligg no publisert på Hjørundfjordstrikk. Fargane på settet vart tatt ut av meg, og gründeren bak Hjørundfjordstrikk likte kombinasjonen så godt at du no kan kjøpe garnpakke med desse fargane. Det var litt stas :) Settet er strikka i Rauma Tumi.





Sunday sweater

 Sunday sweater frå Petiteknit strikka i Alpakka Tweed.



Bursdagsgåve

 Islendar og Felleskjøpet-sokkar til ein kjekk kar som vart 17 år. Mønster på genser er Reykjavik frå garnstudio.com, sokkar er eige mønster. Islendar strikka i Drops Lima.