Perfekt haustgensar ferdig, Marygenser strikka i Drops Air (fargekode 04 melert grå og 01 natur), trur eg flyttar inn i denne i løpet av hausten!
Velkommen til Ann Helen sin blogg! Her vil eg legge ut bilder av produkt eg har strikka. Kan av og til ta på meg bestillingsoppdrag, legg igjen ein kommentar her eller kontakt meg på Instagram om du har spørsmål. Følg meg gjerne på Instagram: strikkelen
mandag 10. september 2018
lørdag 18. august 2018
onsdag 25. juli 2018
Mariussokkar
Mariussokkar i gåve til ekteparet vi skal låne leiligheit med i Italia i ferien. Dei bur i Nord-Italia og der er det godt med ullestar til vinteren.
Setesdalgenser
Setesdalsgenser med rundfelling til meg sjølv har stått på strikkelista mi lenge, og no er den endeleg ferdig! Strikka med kvit og marineblå Rubin-tråd frå lageret.
fredag 20. juli 2018
Velkomen til verda-gåve
Naboane våre fekk ei lita jente og eg strikka jakke og lestar til prinsessa. Jakka er Rilletrøye frå Lene Holme Samsøe sitt hefte Babystrik på pinde 3, her strikka i offwhite babyull. Sokkane er frå Nøstebarn si oppskrift Mosters babystrømper, strikka i melert babyull.
søndag 1. juli 2018
Lille Sukkerspinn
Fekk bestilling på denne skjønne bodyen med kapper på. Strikka i str. 9 mnd. i Drops Baby Merino og Drops Kid-Silk. Bodyen heiter Lille Sukkerspinn, kjekt lite plagg å strikke.
fredag 8. juni 2018
Velkomen til verda-gåve
Strikkelysta har ikkje vore heilt på plass i sommarvarmen, men ein ny liten jentebaby er komen til verda og også sommarbabyar treng ull. Oldemors babyjakke og babysokkar frå #endamerbystrikk strikka i Sandnes mini alpakka.