torsdag 29. februar 2024

OL 1994

I forbindelse med 30 års jubileet til OL på Lillehammer er genseren frå OL igjen i vinden. Tenåringsjenta ønska seg, og eg måtte dermed levere :) Superkjekk genser å strikke, denne er strikka i Smart.



søndag 21. januar 2024

Teddyvott

Pickles har gitt ut oppskrift på supermjuke Teddyvotter strikka i bouclegarn. Desse trur eg blir ein favoritt!



søndag 7. januar 2024

Nytt år og refresh på bloggen

Her har det skjedd lite siste 1,5 året! Men nytt år og litt refresh på bloggen.

Første ferdigstilte prosjekt i 2024 vart Erdalgenseren designa av Omfar, ei lokal bedrift. Kjekt og litt utfordrande mønster, strikka i Vams og dobbel finull, enkel finull på vrangbord. Garnpakke kjøpast hos omfar.no


Som vanleg vart det strikka en del julegåver som låg under juletrea jula 2023:



Loppisgenser: mønster frå pickles.no, strikka i finull
Spot neck warmer: mønster frå Anne Wenzel, strikka i Drops Lima og Drops Kid Silk
December bow: mønster frå Petiteknit, strikka i Drops alpaca og Drops Kid Silk


Isskrapevott: strikka i diverse tovbar ull
Pilkefingervantar: strikka i Lettlopi


Imotovott strikka i Sandnes Smart.


Ein bunke dokkekle strikka i diversebabyull


torsdag 28. juli 2022

Eplegrønn jakke

 På ein tur til Færøyane tidlegare i år, kjøpte eg 400 g Snældan-garn i ein utruleg fin grønfarge. Dette garnet har eg strikk jakke til meg sjølv av, godt fornøgd!




Panneband til vesle tantegutt

Emmet (2,5 år) elskar store maskiner, så panneband med gravemaskin, bulldosar og veghøvel vart strikka i Drops Merino Extra Fine, egen oppskrift.




Strikka teppe

Årets kjempeprosjekt har vore teppe etter oppskrift frå Aftenstrikk x Raumagarn. Nydelege fargar, strikka i Rauma Finull.




søndag 29. mai 2022

Gåve til ein hjortejeger

Pute med hjortemotiv og tova jaktvottar vart ein del av gåva til ein hjortejeger som fyller 50 år. 

Puta er etter mønster frå Jorid Lindvik og er strikka i Sisu. Vottane er eit gratismønster frå Rauma Garn og er strikka i Artic og tova. 



torsdag 26. mai 2022

Vaffelgenser

 Søt Vaffelgenser strikka i Drops Air, oppskrift frå Knitting for Olive. 



Indiefjordjakke

 Indiefjordjakke strikka til Hjørundfjordstrikk. Jakka er strikka i lysgul Rauma Finull og unicornfarga Rauma Finull, siste farga av Kvitlammet. Garnpakke vil bli tilgjengelig via Hjørundfjordstrikk.



Dåpsgåve

 Minste tantejenta hadde dåpsdag og ein del av dåpsgåva var Hjørundfjordgenser. Av restane etter genseren vart det hue, sokkar og vottar, kjekt å få brukt opp alt restegarn. 

Oppskrift på genser finn du på hjorundfjordstrikk.no. Oppskrift på hue vart laga av meg, og ligg no publisert på Hjørundfjordstrikk. Fargane på settet vart tatt ut av meg, og gründeren bak Hjørundfjordstrikk likte kombinasjonen så godt at du no kan kjøpe garnpakke med desse fargane. Det var litt stas :) Settet er strikka i Rauma Tumi.





Sunday sweater

 Sunday sweater frå Petiteknit strikka i Alpakka Tweed.



Bursdagsgåve

 Islendar og Felleskjøpet-sokkar til ein kjekk kar som vart 17 år. Mønster på genser er Reykjavik frå garnstudio.com, sokkar er eige mønster. Islendar strikka i Drops Lima.



lørdag 5. mars 2022

Teststrikk

 Eg var så heldig å få teststrikke Lilleharepusvotter etter oppskrift frå ibbergstrikk. Måtte også prøve ut Lilleharepussokker, så dette vart eit fint sett! Strikka i dobbel Drops Kid Silk.



OL Lake Placid 1980

 Tenåringen ønska seg retro strikkegenser og valgte seg OL-genser Lake Placid 1980. Strikka i svart, raud og kvit Smart. 



tirsdag 1. februar 2022

Sweater no 18

Siste strikk ut i januar var Sweater no 18 etter oppskrift frå My favourite things knitwear. Genseren til strikka i Drops Lima og Drops kid silk i fargen kritt.



Småstrikk

Etter å ha strikka ein stor herregensar, måtte eg koble av med litt småstrikk. Det vart Chunky Twistpanneband til søstra mi, MFK-sokkar og panneband til ei venninne og Stockholmlue til meg. Pannebandet er strikka i Drops Air, MFK-settet i Smart og lua i Filcolana og Tilia.





Bestillingsstrikk

Av og til tek eg på meg å strikke på bestilling, og i det siste har eg strikka ein vest og ei genser. Vesten er Holiday slipover frå Petiteknit, strikka i Drops Air og Drops Kid silk. Genseren er etter ei oppskrift på VM-genser frå 1978 og er strikka i Smart.





lørdag 25. desember 2021

Julegåvestrikk



 I tillegg til Mariusvottane i forrige innlegg, vart det strikka litt fleire julegåver: 


Dansekjolen, oppskrift frå Ministrikk, strikka i Sandnes mini alpakka.

Vinhøne og rødvin til ei nabojente med egen hønsegård.

Chunky twistpanneband strikka i Drops Air, oppskrift frå Rilleruth.


Krølleclutch strikka i Drops Boucle, oppskrift frå Rilleruth.


Dokkekle strikka i diverse restegarn.





lørdag 4. desember 2021

Mariusvottar

 Perfekt restegarnstrikk og gåvestrikk! 2 par mariusvottar blir julegåve til 2 kjekke jenter. Strikka i Smart, modifisert versjon av denne oppskrifta:

http://charlottetoft.blogspot.com/2012/03/oppskrift-mariusvotter.html?m=1



søndag 14. november 2021

Zipper Slipover

 

Zipper Slipover i herlig grønnfarge. Oppskrift frå Petiteknit, strikka i Sandnes Smart og Drops Kid Silk.